Tone i USA 2012/2013 -

Snik

NB! Gjesteinnlegg!

Ja, då er eg så heldig å få snike meg inn på denne bloggen og. Om du lurer på kven eg er, så kan eg sei så mykje at eg er ein av Tone sine beste venninner. Grunnen til at eg er på hennar blogg er at eg fekk i oppdrag å lage header til ho, og så var eg så snill og satt den inn og. Eg ser at den ikkje er heilt 100% på plass, men det får berre vere. Trur faktisk at eg ikkje får den noko meir på plass enn kva den er no.. Sidan eg først er inne på bloggen kunne eg jo blogge litt for ho og! (Veit ikkje om ho synes noko om det sidan det er ein utvekslingsblogg, men då får ho heller berre slette innlegget etterpå.)

Tone skal reise til USA neste år, og vere vekke eit heilt skuleår pluss/minus. Ho skal gå på skule der, møte mange nye folk, få nye venner, oppleve skikkelig heimlengsel, vere hos ein totalt ukjend familie, og verste av alt; bu langt vekke frå kjære Noreg, familien og venner. Å gjere dette krever enormt med "gøtts" (blei litt usikker på korleis vi skriv det, så eg berre skreiv det slik som vi uttalar det), mot og pågangsmot. Ja, dåke skjønar kva eg meiner! Eller gjer dåke? Er jammen ikkje sikkert det, sidan det er eg som skriv..:p

Det eg vil fram til her er at: Tone skal gjere noko utrulig stort i livet, og ho kjem til å ha "the time of her life" i USA. Ho kjem trulig til å savne oss her heime mykje, men TENK på alt ho får oppleve! Dei fleste går å drøymer om dette, men dei har ikkje nok "gøtts" til å tørre det. Mens Tone tar saken i sine eigne hender, lirkar fram litt "gøtts" og fyker til USA uten problem.


Avslutning i 10.klasse (2011).


Klassetur i 10.klasse (2011)


Bursdag til Tone (2012)


Vinterfeire 2011,


Nyttårsball 2012.

Håpar du får ei fantastisk fin oppleving som utvekslingsstudent til neste år! Superduper glad i deg, schnuppa♥ Helsing den ikkje så smarte, men særs morosamme Juliane♥

Reality

Hei!

Dagane går bare fortare og fortare og snart kan eg ikkje lenger sei at det er månedar igjen til avreise, ikkje veker heller. Nei, no teller eg dagar. Desverre har eg endå ingen vertsfamilie, men avreisedato blir nok sikkert ein gang i august. Altså: under 100 dagar att til eg kan kalle meg amrikanar for eit år. #areyoufrakingkiddingme???


Upcoming exchangestudent

10 måna i USA. Tenk på alt eg vil oppleve, tenk på alle erfaringane eg vil sitte igjen med. Likevell... livet stoppar jo ikkje opp i Norge bare fordi eg stikker over pytten og bytter adresse for eit år. Eg vil gå glipp av ein del ting her heime. F.eks laaange skypesamtalar til langt på natt med Frida, at min lille gudsønn fyller tre år, kortspel med besten og besta og felespel i Dalsfjorden spelemannslag. Ting vil vere anderledes når eg vender snuten heimover att, det er eg sikker på. Spennande ting som at Dalsfjordbrua vil ha knytta HAFS-regionen tett saman og at vi kanskje må kalle Askvoll for sentrum og skumle ting som at venninnene mine kanskje har forrandra seg i ein anna retning enn meg... Nei, huff...det orker eg ikkje å tenke på!

!!!!

Bestilt

Hei!

Sjølv om det ser dårlig ut med v.familie har eg allerede begynt å forberede gåvene eg skal ta med. I helga bestilte eg boka "brown cheese please". Dette er ei bok som er skiven av ein australsk forfattar som har studert Norge nøye over ein periode. Boka forklarer alle dei "snåle" tinga vi nordmenn gjer, som matpakke og strikkegenser. Ellers tar eg nok med ein ostehøvel, litt melkesjokolade og ein brunost. Tips til ka eg kan ta med?

!!!!

Go study - have fun!

Hei!

Då er tida inne for å oppdatere bloggen for aller første gang. Har tidligare skrive eit par innlegg, men valgte å slette dei. No, derimot, skal eg kunn skrive om utvekslingsrelaterte ting. Skal prøve og oppdatere kvar gang det skjer noko nytt. For dei som ikkje henger heilt med i svingane, så skal dåke få litt informasjon:

  • Navnet er Tone. Er 16 år (snart 17).
  • Reiser til USA skuleåret 2012/2013 med Explorious/CETUSA.
  • Alt av papirer er sendt inn og no ventar eg på familie. 
  • Har dessverre ikkje tatt alle vaksinene eg må ta, så eg går bare rundt å gruar meg ......
  • Kjem til å bruke bloggen til halde venner og familie oppdatert på ka eg gjer på i USA. Vil også skrive litt om forventningar o.l. Kan være gøy å sjå tilbake på når eg er heime i Norge att.

!!!!

 

tone i usa



Er ikkje gravid. Er ikkje lesbisk. Er ikkje poppstjerne. Men komande utvekslingsstudent, det er eg! Vil få mest mogeleg ut av den tida eg er ung. Følg mitt magiske år i USA på denne bloggen. Explorious/Cetusa er organisasjonen min.

Kategorier

Arkiv

Favoritter

hits